Frå enkle og effektive stillingsannonsar – til STØRRE rekrutteringskampanjar og employer branding.

Vi hjelper deg uansett behov!

Annonsepakkar

    Ta kontakt for skreddarsaum:


    Legg igjen kontaktinformasjon. Du vil bli kontakta om kort tid.

    Vi har sett saman ferdig definerte pakkar i forskjellige prisklasser. I tillegg jobbar vi også veldig ofte med å skreddersy rekrutteringskampanjar.

    Fleire og fleire kundar ser verdien i å legge litt ekstra innsats i å tiltrekke seg dei mest attraktive kandidatane. Du kan lese meir om dette lenger ned på sida eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

    Uansett kva du vel, blir jobben utført av eit team med djup forståing og erfaring innanfor rekruttering og marknadsføring av dette på tvers av bransjar, fagområde og industriar. Det gjer at du som kunde kan vere trygg på at leveransen blir utført med ein svært høg grad av spesialtilpassingar mot dei rette målgruppene.

    Felles for alle våre kanalar er at vi ivaretar og forvaltar di merkevare på ein god måte. Innanfor digital marknadsføring er det lett å gjere feil, som gjer at annonsen hamnar i ein uheldig kontekst. Dette kan generelt sette merkevaren i eit dårleg lys og gi feil assosiasjonar hos potensielle søkarar.

    Har du spørsmål om kva stillingsprodukt som passar deg best, ta kontakt med

    Kim-Andrè Gangeskar
    Epost: kim@fjt.no
    Tlf.: 988 46 870

    Papirannonsering

    frå Kr 4.230,-

    eks. mva.

    Alle våre pakkar kan kombinerast med ein annonse i ei eller fleire av våre 15 papiraviser. Det finst mange format og kombinasjonar. Vi har plukka ut nokre av dei vanlegaste formata – desse utgjer ca 20% av ei helside.

    Modul 23B

    122 x 107 mm

    Modul 16

    248 x 71 mm

    Modul 32

    80 x 218 mm

    USIKKER PÅ KVA DU BØR VELJE?

    Les meir om produkta

    Jobbkarusell

    Jobbkarusellen er eit annonseprodukt med visningar på tvers av 15 lokale nettaviser. Annonsa blir vist på framsida av smp.no, rbnett.no, driva.no, dolen.no, fjordabladet.no, fjordingen.no, fjt.no, fjuken.no, morenytt.no, nyss.no, vestlandsnytt.no, vikebladet.no, vigga.no, andalsnes-avis.no og firdatidend.no.

    Desse 15 nettavisene har ei dagleg dekning på ca. 133.000* lesarar.

    *Forbruker og media 21/1.

    Bannerannonsering

    Bannerannonsar er den vanlegaste typen annonsar på ei nettside. Ein kan få dei i forskjellige størrelsar, og dei kan utformast i tråd med din merkevareprofil. Vi tilbyr bannerannonsering på tvers av lokale nettaviser samt dei største nasjonale nettstadene i Noreg. Vi representerer eit nettverk med kjende norske nettstader med svært høgt truverd.

    Det er gjort undersøkingar som viser ein klar samanheng mellom kontekst og effekt. Comscore tok for seg den såkalla «Halo-effekten». Halo-effekten vil i denne samanheng vere effekten av å vere til stades hos ei kjend nettavis med høgt truverd. Dette truverdet er med på å bygge truverd for di merkevare.

    Den viser at effekten av ein annonse hos «premium nettstader» i snitt gir 67% høgare merkevareløft og er 3 gongar meir effektive i å drive positivitet, vurdering og vilje til å anbefale ei merkevare. Ein vil i den andre enden av skalaen oppnå motsett effekt. Lite truverdige nettstader vil kunne dra bedriftas truverd i negativ retning. Ein kan velje mellom ei rekke forskjellige annonseformat i forskjellige størrelsar, og det er sjølvsagt mogleg å nytte seg av video om det er aktuelt.

    Vi har elles gjennom vårt eige nettverk og sosiale kanalar moglegheit til å hjelpe deg med bannerannonsering uavhengig av geografisk lokasjon på tvers av heile Noreg.

    Annonseproduksjon

    Dette betyr at bilde og logoar blir gjort retina-klare for mobil, fargeval (i høve til profilmanual) blir tatt for å skape best mogleg kontrast, og tekstmengde blir justert til å vere mest mogleg relevant og lesbar. Vi tar utgangspunkt i «mobile first»-prinsippet; dette gjer at ein i designprosessen blir tvinga til å ta bevisste val, for eksempel ved å skrelle bort informasjon som ikkje er nødvendig for å oppnå merksemd hos mottakar.

    Materiellet blir deretter skalert oppover i størrelse, og eventuell tilleggsinformasjon blir lagt til. Annonsane blir optimalisert slik at dei er i høve til nettverkets retningslinjer, før dei blir korrekturlesne og godkjende av kunde og deretter lagt til publisering.

    Våre grafiske designarar produserer annonsen tilpassa dei forskjellige einingane og størrelsane, og jobbar for å få det grafiske uttrykket til å vere mest mogleg skarpt og lesbart.

    Målstyring

    All annonsering gjennom Fjordenes Tidende blir styrt mot ønskte geografiske område i kombinasjon med dei rette målgruppene. Eksempelvis ingeniør, IT og teknologi, handverkar, undervisning, helse osv. Målgruppene blir utarbeidde av våre analytikarar og det blir gjort tilpasningar innanfor kvar enkelt kanal.

    Ved annonsering på LinkedIn kan vi for eksempel målrette mot potensielle kandidatar med ei spesifikk utdanning eller eit spesifikt yrke. Moglegheitene er mange, og det som kan verke opplagt er ikkje alltid den beste løysinga. Vi hjelper deg å avdekke kva som skal til for å treffe dei rette kandidatane.

    Målstyrt annonsering på Facebook, Instagram og LinkedIn

    Vi hjelper deg med annonsering av den ledige stillinga på tvers av dei sosiale nettverka som LinkedIn, Facebook, Instagram og Snapchat. Våre erfarne marknadsførarar tilpassar annonsen til dei forskjellige nettverka og bygger skreddersydde målgrupper for å treffe så presist som mogleg.

    Det kan vere freistande å forsøke seg på dette sjølv, men ein skal vere klar over at det er mange feller å gå i når ein jobbar med sosiale nettverk. Visste du for eksempel at du ikkje berre hamnar i Facebook-feeden når du annonserer på Facebook? Du får i utgangspunktet annonsen spreidd i eit nettverk som består av fleire hundre tusen nettstader. Vi sørger blant anna for at annonsen din ikkje hamnar på nettstader med innhald som kan vere skadeleg for di merkevare. Les meir om dette hos Kampanje.

    Produksjon og publisering av innhaldsmarknadsføring

    I våre kanalar kan ein kjøpe annonsørinnhald med redaksjonell utforming. Innhaldet er sjølvsagt godt merka med «Annonsørinnhald». Innhaldet kan også brukast i samband med ein meir generell «employer branding» strategi.

    I samband med rekrutteringskampanjar, har vi sett svært gode resultat av denne typen annonsering. Det gir ei unik moglegheit til å fortelle ei eller fleire historier om livet på innsida av bedrifta. Potensielle kandidatar blir betre kjende med deg som arbeidsgivar, og vi er typisk innom tema som er viktige spørsmål for ein potensiell kandidat:

    • Det unike og autentiske ved jobben
    • Korleis jobbar eigentleg bedrifta?
    • Langsiktige mål
    • Kven er menneska?
    • Kva kan eg bli ein del av?
    • Korleis kan eg passe inn her?
    • Karrieremoglegheiter
    • Visjon
    • Verdiar
    Papirannonse

    Alle våre pakker kan kombinerast med ei annonse i ei eller fleire av våre 15 papiraviser. Du treff ei vaksen målgruppe på +40 år, og vi har høg dekning blant dei som tek avgjerder.

    Du kan velje mellom ei rekke forskjellige annonseformat, samt plassering på annonseside eller tekstside.
    Ei annonseside er ei side som kun inneheld annonsar. Ei tekstside inneheld i tillegg til annonsar også redaksjonelt innhald.

    I stillingsmarknaden opererer vi med attraktive pakkar, som er kraftig rabattert når ein kjøper fleire produkt. Be om eit tilbod på eit spesifikt format allereie i dag.